Kulturveka - Åpen dag: Lær å slipe verktøy og snekre fuglekasse - Rysstad i Setesdal
Setesdalsmuseet arranger åpen dag i forbindelse med kulturveka på Setesdal bygningsvernsenter i Rysstad - Valle.
Triveleg aktivitetsdag for alle generasjonar! Her får du sjå kva som er på gang i laftehallen i haust, og introduksjon i kunsten å slipe verktøy og kniver. Barna kan få lære å snekre fuglekasse. Anders Dalseg, Leif Røysland og Ane Gunhild Uleberg ønskjer alle hjarteleg velkomne. Barn i følgje med vaksne.
Fagsamling om mellomalderens smiteknikker
I samband med Trehøgeloftsprosjektet blir det fagsamling om dører, beslag og smiteknikkar frå mellomalderen på Setesdalsmuseet torsdag 1. februar kl 09.00.
Påmelding er innan 25. januar på denne lenken: https://agderfk.pameldingssystem.no/preview/smiteknikker
Det er begrensa med plass på den praktiske biten etter lunsj, så skriv i påmeldinga om du vil vere med å smi. Førstemann til mølla gjeld.
Det blir servert ein enkel lunsj, og kaffe/ noko å bite i ila dagen.
ARRANGØR: Agder fylkeskommune og Setesdal bygningsvernsenter
Slåttedag på Rygnestad museum
Setesdalsmuseet arrangerer slåttedag på Rygnestad museum i Setesdal, laurdag 15. juli 2023 kl. 1100.
Program:
Ljåslått med langorv og stuttorv.
Sliping/bryning
Gratis slåttegraut ca. kl. 1200.
Om naturverdier i slåttemarkene v/Statsforvalteren sin miljøvernavdeling ca. kl. 1300.
Felespel.
For meir informasjon, kontakt Setesdalsmuseet.
Bygge nytt trehøgdeloft i Setesdal
Bli med på å bygge nytt trehøgdeloft iSetesdal!
Agder fylkeskommune og Setesdal bygningsvernsenter inviterar handtverkarar til deltaking i forsknings- og kompetansehevingsprosjekt på trehøgeloft i Setesdal.
Det skal byggast eit nytt trehøgdeloft på Rysstad i Setesdal på 1500-tals vis. Loftet frå Nomeland på Kristiansand friluftsmuseet er utgangspunktet. Laftehogg, materialbearbeiding og verktøybruk skal utførast så autentisk som mogleg. Målet er å auke kunnskapen og forståinga for byggeprosessen, samt bidra til å samle kompetansemiljø på tvers av fylkesgrensene.
Prosjektet vil gå føre seg over totalt 12 arbeidsveker. Handtverkarar kan melde seg på for å vere med på prosjektet i to veker om gonga, der ein kvar veke vil få samarbeide med nye handtverkarar. Alle vil delta i to periodar på 2 veker, totalt 4 arbeidsveker. Ein vil alltid arbeide saman med tre andre. Dersom ynskjeleg, vil ein forsøke å arbeide inn kvar fredag for å utnytte dagane.
Prosjektet vil samle 12 deltakarar. Det er ein fordel om ein har kjennskap til lafting og antikvarisk arbeid. Arbeidet vil foregå ved Setesdal bygningsvernsenter på Rysstad i Valle kommune. Anders Dalseg og LeifRøysland ved senteret vil leie arbeidet.
Deltakarar får kompensert 2000kr per dag for tapt arbeidsinntekt. Prosjektet stiller med gratis overnatting i arbeidsperiodane. Undervegs vil det verte arrangert eigne fagdagar på f.eks spretteteljing, verktøybruk mm. som vil verte opne for alle.
Oppstart for første handtverkargruppe vert måndag 17. April 2023. Første prosjektsperiode: Veke 16, 17 og 18. (april/mai)
Andre prosjektperiode: Veke 42,43,44 og 45 (oktober/november)
Tredje prosjektperiode: Veke 2,3,4,5 og 6 (januar/februar 2024).
Påmelding og meir informasjon finn du her: https://agderfk.pameldingssystem.no/trehogdeloft
Frist: 15. Mars
Tur til utvalgte kulturlandskap i Setesdal
Velkommen på tur til Valle i Setesdal, 10. september 2022.
Vi møtes på rutebilstasjonen i Evje kl. 0900 og har felles buss videre oppover Setesdal. Vi regner med å være på Rygnestad cirka klokken 1100. Her blir vi tatt i mot av Leonhard Jahnsen fra Setesdalsmuseet. Han vil fortelle om Rygnestadtunet og vise oss rundt.
Vi får servert setesdalssuppe med tradisjonelt tilbehør. Frode Buen vil ta oss med på en interessant vandring i det utvalgte kulturlandskapet.
På hjemveien tar vi en kaffestopp på Ose turiststasjon i Bygland.
Påmelding og spørsmål til lisbeth.kismul@gmail.com eller aust-agder@fortidsminneforeningen.no, eller
tekstmelding til 915 65 424, innen 1. september 2022.
Pris: 250,- kr til konto 2801.57.16306
Setesdal Stavkyrkje - Åpen fagdag med presentasjon av prosjektet
Stiftelsen Setesdal stavkyrkje inviterer til åpen fagdag med presentasjon av prosjektet.
Gjester for dagen:
Linn Willetts Borgen fra Fortidsminneforeningen /// Hvordan kan Hylestad stavkirke ha sett ut?
Leonard Jansen /// Kirkehistorie og kirkerester i Setesdal.
Satu Lindell og Kristoffer Hillesatd fra UiS /// Om de oppsiktsvekkende funnene fra georadarsøket på Bjørgum.
Øyvind Jacob /// Presentasjon av modellen av Setesdal stavkyrkje.
Knut H. Rysstad /// Intervju om tankene rundt forprosjektet og veien videre.
Paneldebatt /// Spørsmål fra salen.
STED: Hylestad soknehus
Alle hjertelige velkomne!