Tilbake til alle arrangementer

Bygge nytt trehøgdeloft i Setesdal

Bli med på å bygge nytt trehøgdeloft iSetesdal!

Agder fylkeskommune og Setesdal bygningsvernsenter inviterar handtverkarar til deltaking i forsknings- og kompetansehevingsprosjekt på trehøgeloft i Setesdal.

Det skal byggast eit nytt trehøgdeloft på Rysstad i Setesdal på 1500-tals vis. Loftet frå Nomeland på Kristiansand friluftsmuseet er utgangspunktet. Laftehogg, materialbearbeiding og verktøybruk skal utførast så autentisk som mogleg. Målet er å auke kunnskapen og forståinga for byggeprosessen, samt bidra til å samle kompetansemiljø på tvers av fylkesgrensene.

Prosjektet vil gå føre seg over totalt 12 arbeidsveker. Handtverkarar kan melde seg på for å vere med på prosjektet i to veker om gonga, der ein kvar veke vil få samarbeide med nye handtverkarar. Alle vil delta i to periodar på 2 veker, totalt 4 arbeidsveker. Ein vil alltid arbeide saman med tre andre. Dersom ynskjeleg, vil ein forsøke å arbeide inn kvar fredag for å utnytte dagane.

Prosjektet vil samle 12 deltakarar. Det er ein fordel om ein har kjennskap til lafting og antikvarisk arbeid. Arbeidet vil foregå ved Setesdal bygningsvernsenter på Rysstad i Valle kommune. Anders Dalseg og LeifRøysland ved senteret vil leie arbeidet.

Deltakarar får kompensert 2000kr per dag for tapt arbeidsinntekt. Prosjektet stiller med gratis overnatting i arbeidsperiodane. Undervegs vil det verte arrangert eigne fagdagar på f.eks spretteteljing, verktøybruk mm. som vil verte opne for alle.

Oppstart for første handtverkargruppe vert måndag 17. April 2023. Første prosjektsperiode: Veke 16, 17 og 18. (april/mai)

Andre prosjektperiode: Veke 42,43,44 og 45 (oktober/november)

Tredje prosjektperiode: Veke 2,3,4,5 og 6 (januar/februar 2024).

Påmelding og meir informasjon finn du her: https://agderfk.pameldingssystem.no/trehogdeloft

Frist: 15. Mars

Forrige
Forrige
15. april

Munch på Verket!

Neste
Neste
17. april

Boklansering - Tyholmenkampen