Filtrerer etter: «Barn & Ungdom»

Søknadsfrist: Museumsvertar til Setesdalsmuseet ulike stader
apr.
1.

Søknadsfrist: Museumsvertar til Setesdalsmuseet ulike stader

Har du lyst på ein spennande sommarjobb? Setesdalsmuseet søkjer etter museumsvertar for sommaren 2022.

MUSEUMSVERTAR

Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar ved museet sine avdelingar på Bykle kyrkje/Lislestog, Rygnestad museum, Rysstad, Sylvartun, Evje og Hornnes museum Fennefoss, Evjemoen Forsvarsmuseum, Evje Mineralsti og Iveland og Vegusdal Bygdemuseum for sommaren 2022.

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Gjerne også tysk. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.

Ved Sylvartun ynskjer vi å tilsetje vertar med kunnskap og interesse for folkemusikk.

Er du interessert i mineralar og geologi, er Evje mineralsti ein spennande arbeidsplass.

Museet har antrekk for museumsvertane (T-skjorte/fleecejakke) som skal brukast.

For museumsvertar i dei øvste kommunane oppmodar me dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det.

Relevante søkarar vil bli kontakta.
Det vil verte kalla inn til ein dags obligatorisk samling for å gi opplæring i forkant.

Søkjarar som kan arbeide på fleire avdelingar og store delar av sommarsesongen vert prioriterte.

 

Museet kan vere behjelpeleg med å formidle kontakt dersom det skulle vere behov for leige av husvære.
Løn etter offentleg regulativ.
Nærare opplysningar får du på tlf. 37 93 63 03 eller på mail: post@setesdalsmuseet.no

Søknad, søknadsskjema med CV, attestar og vitnemål skal sendast til:
Setesdalsmuseet
Setesdalsvegen 3273
4748 Rysstad eller post@setesdalsmuseet.no

Søknadsfrist: 1. april 2022

Søknadsskjema 2022

Vis arrangement →
Søknadsfrist: Hjerleid Handverkskule (videregående skole)
mars
1.

Søknadsfrist: Hjerleid Handverkskule (videregående skole)

Utdanning i tradisjonshåndverksfagene treskjæring, møbelsnekring, smiing, søm og tekstil, byggteknikk, maling og overflateteknikk.

Et år på Hjerleid er ikke som alle andre videregående utdanningstilbud. Skoledagen består for det meste av arbeid på verkstedet.

Du arbeider med tradisjonelle håndverksfag, og lærer både gamle og mer moderne teknikker – og kreativiteten din har gode utviklingsmuligheter.

Vis arrangement →
Sy din egen skipssekk i seilduk
jan.
29.
til 30. jan.

Sy din egen skipssekk i seilduk

Gratis helgekurs for ungdom fra 12-17 år. Kurset setter skaperglede og tradisjonshåndverk i fokus. Sammen med kursholder Maya Thorsø syr ungdommene sin egen skipssekk/dittybag i løpet av helgen.

En bruker de samme materialer, verktøy og arbeidsmetoder som ble brukt av seilmakeren om bord på seilskutene for 150 år siden. Her får du jobbe med materialene seilduk i lin, seilgarn og bivoks.

Kurset pågår fra kl. 10-14 lørdag og søndag. Det blir servert pizza og brus begge dager.

Kursholder Maya Thorsø lærte å sy skipssekker om bord i skonnerten Solrik og har fått lang erfaring med håndverket. Nå jobber hun som matros om bord på Østerøy (Badebåden) om sommeren, og er aktivt medlem i Kystlaget Terje Vigen.

Kurset er gratis og det er plass til åtte deltakere på kurset. Forhåndspåmelding kreves og først til mølla-prinsippet gjelder.

PÅMELDING:
Klikk her for mer informasjon.

Vis arrangement →