Har du lyst på ein spennande sommarjobb? Setesdalsmuseet søkjer etter museumsvertar for sommaren 2022.
MUSEUMSVERTAR
Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar ved museet sine avdelingar på Bykle kyrkje/Lislestog, Rygnestad museum, Rysstad, Sylvartun, Evje og Hornnes museum Fennefoss, Evjemoen Forsvarsmuseum, Evje Mineralsti og Iveland og Vegusdal Bygdemuseum for sommaren 2022.
Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Gjerne også tysk. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.
Ved Sylvartun ynskjer vi å tilsetje vertar med kunnskap og interesse for folkemusikk.
Er du interessert i mineralar og geologi, er Evje mineralsti ein spennande arbeidsplass.
Museet har antrekk for museumsvertane (T-skjorte/fleecejakke) som skal brukast.
For museumsvertar i dei øvste kommunane oppmodar me dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det.
Relevante søkarar vil bli kontakta.
Det vil verte kalla inn til ein dags obligatorisk samling for å gi opplæring i forkant.
Søkjarar som kan arbeide på fleire avdelingar og store delar av sommarsesongen vert prioriterte.
Museet kan vere behjelpeleg med å formidle kontakt dersom det skulle vere behov for leige av husvære.
Løn etter offentleg regulativ.
Nærare opplysningar får du på tlf. 37 93 63 03 eller på mail: post@setesdalsmuseet.no
Søknad, søknadsskjema med CV, attestar og vitnemål skal sendast til:
Setesdalsmuseet
Setesdalsvegen 3273
4748 Rysstad eller post@setesdalsmuseet.no
Søknadsfrist: 1. april 2022