Tilbake til alle arrangementer

Rysstad - Nasjonal vardebrenning i regi av Motvind

  • Idrettsplassen på Rysstad Hylestad, Valle (kart)

Naturen er i fare over heile landet.
I over tusen år har eld på norske fjelltoppar vore brukt for å varsle om fare og samle folk. Torsdag 8. oktober tenner vi vardene igjen over heile landet. I år er målet større enn nokon gong: 1000 registrerte markeringer.

Vi vil vere med og markere at vi ønsker ikkje store vindturbiner i urørt natur. Vi ønsker ikkje å sjå store vindturbiner poppe opp i horisonten i våre nabokommunar. La naturen leve!

Difor tenner vi bål på idrettsplassen på Rysstad 8.oktober kl 18.00. Det blir viktige og hyggelege samtalar rundt bålet. Ta gjerne med kopp og stol, vi vil servere bålkaffi.

Velkomen!

Kan du ikkje kome kan du registrere ditt eige bål, stearinlys eller markering her, eller finne eit bål nær deg?

ARRANGØR: Naturvernforbundet Setesdal

Forrige
Forrige
8. oktober

Bygland - Nasjonal Vardebrenning i regi av Motvind

Neste
Neste
12. oktober

Digitalt søknadsverksted for tilskudd til eiere av eldre bygg