Nye Evje kyrkjestove – dette må løysast betre.
Me har i dag følgjande lesarinnlegg i Fædrelandsvennen og i Setesdølen. Innlegget gjer uttrykk for våre meiningar:
Evje kyrkje frå 1891, vart oppført av Ludvig Karslen som ein kjennar frå ei rekkje andre kyrkjer i fylket. Kyrkja er ei nygotisk bindingsverkskyrkje, med eit par grunne tverrarmar nær koret, men innreidd som ei langkyrkje. Forvaltninga av kulturminneverdiane av kyrkja skal både vareta funksjonen deira som landemerke, arkitekturen og verdifulle kunst- og interiørdetaljar.
Kyrkja i Evje er listeført, noko som inneber at ho er definert som verneverdig og har nasjonal verdi. Dette igjen betyr at desse skal behandlast med like stor respekt som freda kyrkjer.
Dei siste par åra har ein byggjekomité i Evje og Hornnes Sokneråd jobba med nye planar for eit nytt samlings- og kontorlokale der bårehuset i dag ligg, kun nokre få meter i frå kyrkjebygget. I oktober i fjor vedtok planutvalet til kommunen mellom anna ei mindre planendring som vil tillata ei utviding av arealformål offentleg bygg, nord for kyrkja. Dessverre vart aldri me inkluderte som høyringspart då dette planarbeidet gjekk føre seg, sjølv om dette i seg sjølv ikkje blir opplevd som særleg dramatisk.
Det som derimot synast meir alvorleg er at ein i løpet av vinteren har gitt eit rammeløyve til det nye bygget. Me har bede om innsyn i dokumenta i saka og vedtaket frå Evje og Hornnes kommune, men framleis ikkje fått innsyn i dokumenta i saka.
Derfor er det framleis uklart kva som er godkjent, men me er kjende med eit par skisser frå arkitekt Amtedal & Hansen Arkitektkontor AS datert 21. juni 2024. Dersom dette er kva som er godkjent, reknar me dette som særs dårleg stadstilpassa og ikkje i tråd med dei viktige krava som blir stilte for nybygg nær kulturminne av nasjonal verdi slik som her. I e-post datert 19. november 2024 har også Agder fylkeskommune vist sterk bekymring for tiltaket slik det då forelå.
Me har talt med fleire i Evje og Hornnes dei siste dagane, men ingen har sett kva som er vedteke bygd. At ikkje innbyggjarane i kommunen utover soknerådet har vore inkluderte og fått sjå kva som blir planlagde for eit så sentralt kulturmiljø er svært uheldig. Alle har ei tilknyting til kyrkja og området rundt, kyrkja er eit landemerke i alle bygder og byar, også i Evje. Derfor ville det også vore særs viktig at prosjektet blei sikra brei medverknad.
Me spør oss kvar denne medverknadsprosessen har vore, for sjølv om me ei rekkje gonger det siste året har bede om informasjon og statusoppdateringar, så har dei late venta på seg. Dette er synd då me har hatt tiltru til alle involverte partar og at ingen har skjulte dagsordenar som ikkje toler dagens lys.
Soknerådet i Evje og Hornnes vil etter vår meining derfor gjere klokt i å ikkje vedta planane tysdag 18. mars, men oppfordrast heller til å utsetja det heile fram til ein har ei brei offentleg semje med sterk kulturmiljøfagleg støtte om korleis ting skal gjerast.
Fortidsminneforeininga, Aust-Agder lokallag
v/Torgrim Landsverk
Styreleiar