Vindkraft i Bygland er eit verdispørsmål.

Me har i dag fått følgjande leserinnlegg tilsendt frå Knut Ketil Oftedahl i Bygland. Innlegget var fyrst delt i avisa Setesdølen og gjer uttrykk for forfattarens meininger:

Debatten om vindkraft i Bygland blir ofte innramma som eit spørsmål om kunnskap: Vi treng utgreiingar, meir informasjon og betre faktagrunnlag. Men sjølv om kunnskap er viktig, er ikkje dette først og fremst eit teknisk spørsmål. Vindkraft er eit verdispørsmål: Det handlar om kva slags framtid vi ønskjer for Bygland og Setesdal.

Prosjektet er nytt her, men erfaringane frå andre kommunar er tydelege. Store vindturbinar gir omfattande og varige inngrep i landskap, tap av stillheit, påverknad på natur- og kulturmiljø og endra friluftsbruk. Det er ingen grunn til å tru at Bygland på magisk vis kan unngå desse verknadene.

For Bygland er natur, landskap og stillheit ikkje berre vakre omgjevnader. Dei er grunnleggjande ressursar for turisme, bu-lyst og langsiktig lokal utvikling. Store delar av kommunen, og Setesdal, er framleis lite teknisk påverka - i praksis urørte. I dette landskapet ligg også eit rikt kulturmiljø, forma gjennom hundreår med bruk: støylslandskap, ferdselsvegar, kulturlandskap og historiske spor som er ein del av dalens identitet.

Vindkraftutbygging grip direkte inn i desse verdiane. Når fjell og hei blir industrialiserte, er det eit varig tap - ikkje berre av natur, men også av samanhengen mellom landskap og kultur. Stillheit og urørte kulturlandskap kan ikkje erstattast. Slike tap kan heller ikkje kompenserast med økonomiske ordningar eller avbøtande tiltak.

Reiselivet i Setesdal byggjer på ro, heilskap og truverdige opplevingar. Når desse kvalitetane blir svekte, svekkast også grunnlaget for verdiskaping. Det same gjeld bu-lyst: Folk vel ikkje bustad berre ut frå arbeidsplassar, men ut frå livskvalitet, identitet og omgjevnader.

Difor står Bygland ikkje berre overfor eit energiprosjekt, men eit grunnleggjande val om utviklingsretning og omdøme i tiår framover. 

Vindkraft i Bygland handlar ikkje om kva vi veit, men om kva vi vel å verdsetje.


Knut Ketil Oftedahl

Forrige
Forrige

Skriver om GULL-alternativ på Torskeholmen, Grimstad.

Neste
Neste

Formingsveileder, merkevareforvaltning og Else Rønnevig.