Høyringssvar - Planprogram for Kommuneplan (Arealdel 2025-2035), Bykle kommune.

Me har i dag sendt inn følgande høyringssvar i forbindelse ny planstrategi for Bykle kommune sin kommuneplan arealdel 2025-2035:

Det blir vist til utlysing på Bykle kommune sin nettstad kring revidering av Kommuneplan (arealdel) for Bykle kommune, i fyrste omgang planprogrammet, med høyringfrist 16. desember 2024. Me i Fortidsminneforeininga takkar for at me har fått høve til å komma med merknadene våre i saka.

Fortidsminneforeininga har som formål å arbeida for langsiktig vern av kulturminne og kulturmiljø, og dessutan å skape allmenn forståing for verdiane av desse. Foreininga arbeider gjennom frivilligheita. Våre hovudoppgåver er mellom anna å arbeida for god stadstilpassing, styrkja tradisjonshandverket og bygningsvernet, engasjera oss i lokale vernesaker, stadsutvikling og påverka kulturminnepolitikken i Noreg.

Hovudanliggandet vårt vedrøyrande planprogrammet for Bykle kommune er at rammeverket for kulturmiljøvernet i kommuneplanen styrkast i den kommande kommuneplanen. Kjærleiken til kommunens særeigenhet og identitet synast generelt stor, men i arealstrategisamanheng i kommuneplanen står kulturmiljøvernet svakt.

I landssamanheng er Setesdal, inkludert Bykle, heilt spesiell når det gjeld den bygde kulturarv og kulturlandskap. I Bykle spesielt ser ein tette koplingar til byggetradisjoner i Telemark, men kommunen er og kjent for sine samiske kulturminne, jernvinneanlegg og kulturminne i utmark slik som støylar, fangstgroper, ferdselsvegar, osb.

I tidlegare tider var ofte dei tekniske føresetnadene og avgrensingane i økonomien ein faktor som bidrog til vern. I dagens samfunn så må ein ta med i betraktning at ein betra økonomi og «industrialisering» av byggjebransjen kan vera med å øydeleggja autentisiteten av gamle bygde kulturmiljø. Det er derfor viktigare enn nokon gong at ein prioriterer rammeverket for bygningsvern og kulturmiljøvern.

Fleire stader ser me oftare at gamle gardar og småbruk blir ståande til forfall, samtidig som at det blir uttrykt stor mangel på bustader i Noreg. Desse bustadene som står tomme burde takast vare på og utnytjast på ein betre måte. Det er både bra for identiteten og særpreget til stadene, men og eit viktig bidrag til godt miljøvern gjennom mindre sløsing av ressursar. «Vern gjennom bruk» er eit slagord som ofte blir brukt, men det er samtidig viktig å behalda det opphavlege preget på slike bygningar, uansett den aktuelle bruken. Eit ønske om bevaring og restaurering kan også i nokre tilfelle vera med å redusera autentisiteten i dei eldre bygningsmiljøa. Hardhendt restaurering og forenkling av detaljar fjernar ein bit av historia og fører til ei forsimpling. Det er i ein slik samanheng svært viktig at både arkitektar og planleggjarar, og dessutan dei utførande handverkarane har forståing for at ein må behalda det ekte og opphavlege prega og dei fysiske detaljane på bygningane.  I Bykle kommune har ein per i dag ingen omsynssoner bevaring H570 med føresegner i kommuneplanens arealdel.

Ei moglegheit for å sikra at ein har forståing for dette, er naturleg nok opplysningsarbeid og informasjon, men me meiner tida har komme for at ein med stoltheit får oppretta omsynssoner for kulturmiljø H570 i kommuneplanens arealdel, og dessutan her laga tydelege føresegner og rammer. Kanskje er det også her på tide å setja krav til handverkskompetanse innanfor dei bevaringsverdige områda, det vil sikra vidareføring av eksisterande kompetanse til nye generasjonar og auka forståing og interessa for lokal byggjeskikk generelt. Å vera huseigar innanfor ei omsynssone bevaring H570 er ikkje berre eit kvalitetsstempel, det gir og auka moglegheiter for huseigarane til å kunna få tilskot til istandsetjing.

Som eit kort samandrag ber me om at følgjande blir teke med inn i kommande planstrategi for Bykle kommune:

    • Flott at ordet «Kulturmiljø» blir nemnt under punkt 3.2 i utkastet til ny planstrategi, men me saknar sentrale ord som «kulturminne», «stadstilpassing», «gjenbruk» og «ombruk». Desse er viktige innanfor område som både sosial berekraf, økonomisk berekraft, og miljømessig berekraft.

    • Kommunen har per i dag ingen omsynssoner kulturmiljø H570 med føresegner og rammer i kommuneplanens arealdel. Vi ber om at dette arbeidet blir prioritert, i samarbeid med Agder fylkeskommune, lokalt historielag og gjerne og oss i Fortidsminneforeininga.

    • Byggjeskikkrettleiaren til kommunen som i stor grad er veldig bra bør gåast gjennom for å sikra at den er oppdatert opp mot nasjonale faglege råd og føringar om meir stadstilpassing, ikkje bygg som står i brot. Der det har skjedd uheldige tiltak bør ein framover tenkja «by- og stadsreparasjon» jf. Riksantikvarens strategi for by- og stadsutvikling. Desse endringane, der ein gjekk bort frå brot til stadstilpassing, skjedde rundt 2015-2019.

    • Kommunen bør laga seg ei oversikt over gardsbruk, småbruk og bygningar elles som i dag står tomme, og prioritera at desse ubrukte ressursane blir gjenbrukte og får nytt liv framfor nedbygging av små eller større naturområde. Desse ressursane er ofte veldig attraktive om folk får kjennskap til dei, og desse ressursane bør utnytjast i mykje større grad enn i dag. Me tilrår kontakt med Fortidsminneforeningens pilotprosjekt «Lys i gamle hus» (bianca@fortidsminneforeningen.no) for eventuell meir informasjon om eit slikt arbeid. 

Setesdal og Bykle har noko heilt spesielt i kultur- og bygningsarven som er ein viktig del av «merkevara», og det er viktig å ikkje godkjenna overdrivne og stadsfremja prosjekt som kan øydeleggja sjølve identiteten til Bykle og Setesdal generelt.

Me takkar for å få komma med innspel til planprogrammet, men kjem også gjerne med meir konkrete innspel til arbeidet med sjølve arealdelen når dette kjem i gong.

Beste helsing,
Styret i Fortidsminneforeininga, Aust-Agder lokallag
v/Torgrim Landsverk
Styreleiar



KOPI:
- Agder Fylkeskommune v/Seksjon for kulturminnevern og kulturturisme
- Riksantikvaren
- Fortidsminneforeininga, Agder avdeling

Forrige
Forrige

Statsforvalterens behandling av klage - Søknad om dispensasjon for oppføring av fransk balkong og balkong, Rådhusgata 26, Risør.

Neste
Neste

Høringssvar - Oppstart av detaljregulering for Nymo-Vikkilen, Grimstad.