Filtrerer etter: «Setesdalsmuseet»

UNESCO Foredrag - Verdensarv som verdiskapar
mars
22.

UNESCO Foredrag - Verdensarv som verdiskapar

Set av ettermiddagen 22. mars 2022 kl. 16-21 og få med deg spennande foredrag om UNESCO og verdensarv som verdiskapar. Påmelding til annbjorg.lien@agderfk.no innan 7. mars 2022.

Eit foredrag om den UNESCO - lista industriarven i Telemark, ved:

Halvor Sælebakke, leiar av verdensarvsenteret på NIA (Notodden Industriarv) og formidlingsansvarlig for verdensarv. Han vil snakke om opplegg/erfaring av formidling på NIA, med vektlegging av formidling til born og unge bl.a. gjennom ordninga “Den Kulturelle Skulesekken”.

Kjell Christenson, er verdensarvkoordinator i Vinje. Han fortel om kva oppdemming av vatnet fekk for følgjer for gardane rundt Møsvatn, og kvifor denne historia er viktig å formidle som ein del av heilheita.

Øystein Haugan, fortel om lokal forankring, “vern gjennom bruk” og ulike finansieringsordningar for verdenarvprosjektet Industriarven Rjukan-Notodden.

Hans Olav Stegarud, ny verdensarvkoordinator på Rjukan, utfyller med kunnskap/erfaring frå sine tidlegare jobbar hjå Hardanger fartøyvernsenter, sysselmann på Svalbard som kulturvernforvaltar, samt som avdelingsdirektør ved Fetsund lenser.


PROGRAM:
1600: Frammøte Sokneshuset, Rysstad.
1615: Buss frå Soknehuset til Sylvartunet.
1630: Omvisning på Sylvartun v/Gunnar Stubseid.
1715: Buss til Soknehuset.
1730: Servering av mat på Soknehuset.
1800: Foredrag frå Notodden, Rjukan og Vinje.
2000: Spørsmål, diskusjon og moglegheit for innlegg.
2100: Avslutning.


PRIS:
Gratis inngang.

PÅMELDING:
Påmelding innan 7. mars 2022 på mail til annbjorg.lien@agderfk.no

Vis arrangement →