Filtrerer etter: «Iveland»

juli
9.

Open dag på Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Museumslaget inviterer til Open dag på museet sundag 9. juli kl 12.00 - 17.00 saman med desse laga:

  • Iveland Tolleknivlag

  • Vegusdal Mållag

  • Iveland Mållag

  • Iveland Bunadsnemnd

  • Iveland Ungdomslag

I tillegg til vanleg omvising i museet (kl 11-17) er dette på programmet:

  • Forteljaren Ivar Nygaard sit i det gamle eldhuset og fortel myter frå jernalderen og eventyr frå Setesdal. Myter klokka eitt og tri, eventyr klokka to og fire.

  • Tolleknivlaget smir knivblad og lagar skaft og slirer for å visa korleis ein lagar tolleknivar. Dei smir ute på museumsvollen, og sit i Engeslandshuset med skaft og slirer. Her syner dei ogso fram ein del tolleknivar.

  • Bunadsnemnda er òg i Engeslandshuset, og fortel og svarar på spursmål om Ivelandbunaden, men ogso om Ivelandskofta, som det snart kjem ut ei ny bok om. Dei har med garn slik at dei som vil kan prøva seg på teknikkane i sokkebandlaging og fletting av hårband.

  • Vegusdal Mållag har ei dialekt-tevling, og Iveland Mållag serverer grilla pølser. Og du kan slå deg ned for ein prat om språk og dialekt.

  • Saman med mållaga er ogso Iveland Ungdomslag, som byd på vaflar, kaffi og saft.

Legg gjerne sundagsturen hit den 9. juli.

Velkomen!

Vis arrangement →