Ryfylkemuseet, Setesdalmuseet og Kristiansand Museum samarbeider om å rekruttera studentar til NTNU sitt bachelorprogram Tradisjonelt bygghandverk som har nytt opptak i vår. Målet vårt er å etablera ein felles regional læringsarena som dekkar Rogaland og Agder – og då trengs det studentar frå regionen.
Er du nysgjerrig på å utforska eller utvikla dine ferdigheiter og kunnskapar som tradisjonshandverkar? Ønsker du å fordjupa deg i tradisjonelle handverksteknikkar og bli ein endå betre utøvar? Då vil me informera om at NTNU køyrer nytt opptak til studieprogrammet. Du må ha generell studiekompetanse (eller søkja på grunnlag av realkompetanse) og relevant fag-/sveinebrev eller tilsvarande praktisk kompetanse for å kvalifisera for opptak.
NTNU gjennomfører eit søkarseminar på nett onsdag 11. februar kl . 17. Er du nysgjerrig på utdanninga og/eller vurderer å søkja – bli med på søkarseminar! Der vil du få litt generell info om studieprogrammet og høve til å stilla spørsmål direkte til NTNU.
Sjå meir i vedlegga og på: https://www.ntnu.no/studier/fttradbygg, eller ta kontakt med underteikna om du har spørsmål.
SØKNADSFRIST:
På grunnlag av realkompetanse: 01.03.2026
På grunnlag av generell studiekompetanse: 15.04.2026
Søknad sendes via Samordna Opptak
Del gjerne denne informasjonen til andre aktuelle kandidatar for studiet!
Venleg helsing,
Ida Nerheim
Prosjektleiar
Felles læringsarena Sør-Vest og varige samhandlingsstrukturar innan bygningsvern i Rogaland og Agder
(+47) 48 42 65 28
Finn ut meir her (klikk på bildet):

