Kurset gir deg grunnleggjande kulturminneforståing og kompetanse i korleis ein kan lese verdiane i eit bygg og ivareta dei på best mulig måte. Kurset gir også overblikk over relevant lovverk og metodar for bygningsdokumentasjon.
Bygningsvern blir ei viktig tilnærming innafor byggjenæringa framover. Det blir meir rehabilitering, restaurering og transformasjon av eksisterande bygningar og mindre nybygg. Dermed blir kunnskap om verdiar i eksisterande byggverk av stor betyding.
Sentralt i dette kurset er grunnleggjande kulturminneforståing for å lære korleis ein kan lese verdiane i eit bygg og ivareta dei på best mulig måte.
Viktige tema er verneteori, bygningsvernets historie, byggjeskikk, arkitektur- og stilhistorie, kulturminnerett, det å lese ein bygning, bygningsvern i praksis, herunder aktuelle utfordringar i bygningsvernet. Også metodar for innhenting av informasjon om bygningar frå arkiv og samlingar vil bli berørt.
Søknadsfrist: 1. juli 2026.

