Tilbake til alle arrangementer

Nominasjonsfrist: Foreslå kandidat til Riksantikvarens kulturminnepris 2022

Kjenner du nokon som gjer ein stor innsats for kulturminne? Fram til 1. juni kan du foreslå dei som kandidatar til Riksantikvarens kulturminnepris 2022.

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne

  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt

  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk, diplom og 50 000 kroner.

Nominasjon

Nominasjonsfristen er 1. juni 2022

Forrige
Forrige
29. mai

Utstillingsåpning: Reparasjoner og gjenbruk

Neste
Neste
1. juni

SeniorOnsdag: Da Merdøgaard ble museum