Tilbake til alle arrangementer
Den 13. juni blir det fredingsmarkering på Bygland, der Riksantikvaren blir med på markeringa.
Bjoren vart bygd i 1866. Fram til 1957 var dampbåt ein viktig del av samferdsla i Setesdal, og frakta passasjerar og gods på Byglandsfjorden. Med vegutbygging langs fjorden vart etter kvart båten tatt ut av drift. I 1994 var båten restaurert etter massivt forfall over mange år.
I dag er det flytande kulturminnet ein viktig attraksjon i Setesdal kvar sommar.
– Me er kjempestolte over at Bjoren nå blir freda. Det tyder at ho er ein viktig del av historia i Noreg. Med fredingsvedtaket sikrar me at Bjoren blir bevart slik ho er i dag, seier Therese Mølø Larsen, kaptein på D/S Bjoren i ei pressemelding.
Følg med i lokalt media for oppdaterte tidspunkt.

