Tilbake til alle arrangementer

Foredrag og diskusjonar under Arendalsuka: Ein god stad å bu - Ein god stad å besøke

  • Arendal, Agder Norway (kart)

Arrangør
Voss herad

Dag
Mandag 12/8 2024 18:00 - 19:00

Arrangementstype
Foredrag

Tema
By- og stedsutvikling

Språk
Norsk

Sted
M/S Sandnes

Stedsbeskrivelse:
1. klasses salong

Antall plasser i lokalet
50

Om arrangementet
Det handlar om heilskapleg utvikling og Voss ynskjer å dela nokre refleksjonar frå eit kommunalt perspektiv: Kva gjer eit lokalsamfunn attraktivt? Kva rolle kan kommunen ta som utviklar? Kan gamle hus vera ein del av løysinga? Me byr på tre ulike presentasjonar og opnar opp for diskusjon i salen.

Kulturkraft
Rapporten "Musikkens verdi" frå Samfunnsøkonomisk analyse ser på effekten musikklivet har på ein kommune med Voss som eksempel. Er rett og slett Voss ein meir attraktiv plass å bu som fylgje av det mangfaldige fritids- og kulturlivet i kommunen? 

Stadsutvikling
Med ein sentrumsplan i botn og ei nyoppretta avdeling for prosjektutvikling i kommunen, har ein realisert fleire spanande prosjekt på Voss dei siste åra. Eit av desse er Voss aktivitetspark som vann den prestisjetunge prisen Landskapsarkitekturprisen 2023. Avdelinga jobbar ut i frå ein filosofi om at mange av dei utfordringane ein står ovanfor i dag er knytt til korleis me utformar dei fysiske omgjevnadane våre. Kommunane må difor ta ei aktiv rolle som utviklar, for å skapa robuste og berekraftige samfunn for framtida

"Lys i gamle hus"
Lys i gamle hus er eit treårig nasjonalt prosjekt i regi av Fortidsminneforeningen. Prosjektet ynskjer å visa det store potensialet dei gamle husa har, både med omsyn til klima, busetnadskvalitet og bygningsvern. Voss er ein av seks pilotkommunar og hjå oss ligg fokuset på strukturelle endringar og alternativ til riving. Ny bruk, eller ombruk av gamle hus, er både bygningsvern og miljøvern, og har ei sentral rolla i ei berekraftig stadutvikling. Å setja i stand eit gamalt hus er sirkulærøkonomi i praksis, men også ein viktig premiss for tilflytting og rekruttering av arbeidskraft til bygda. Dersom me skal nå klimamåla må me tenkja nytt om den bygningsmassen me allereie har og kommunane bør ta ein aktiv rolle for å sikra dette. 

Medvirkende

  • Trude Storheim, Tidlegare Kultursjef, Voss herad

  • Tora Brunborg, Arkitekt - bygningsvernkonsulent og Prosjektleiar, Voss Folkemuseum/Lys i gamle hus

  • Bianca Wessel, Prosjektleder Lys i gamle hus, Fortidsminneforeningen

  • Elisabeth Lillegraven, Leiar Prosjekt og Utvikling, Voss herad

  • Kaia Finne, Næringssjef, Voss herad

Kontaktperson
Kaia Finne, Næringssjef, Voss herad, 48066092, kaia.finne@voss.herad.no

Forrige
Forrige
12. august

Demokratiets Hus - Foredrag med Torgrim Titlestad: Peder Furubotn, en demokratisk kommunist?

Neste
Neste
13. august

Byvandring fra Arendal sentrum til Demokratihuset, og der med foredrag fra Stortingsrepresentant Mimir Kristjanson.